Lisensfelling av jerv 2022-2023

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.

Lisensjakta gjeld for heile Hordaland og Sogn og Fjordane. Jakttida for jerv er frå 20. august 2022 til 15. februar 2023. Fellingsperioden med start 20. august er nytt av i år.

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv. Jervejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jervejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv, eller løyser skot mot jerv, skal straks melde frå til Statsforvaltaren på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.

Publisert 07.09.2022, Sist endra 07.09.2022

Lenkjer

Felt jerv

Ein hannjerv vart felt på lisensjakt i Luster kommune 8. januar 2022.