Om rovviltnemnda i region 1

Rovviltnemnda i region i består av Vestland, Rogaland og kommunane i tidlegare Vest-Agder fylke. Det er ingen bestandsmål for gaupe, jerv, bjørn eller ulv i regionen. Heile regionen er prioritert for beitebruk. Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltninga. Miljødirektoratet har det faglege nasjonale ansvaret. Kvar rovviltregion blir styrt av ei statleg rovviltnemnd, samansett av fylkespolitikarar. Rovviltnemnda og Statsforvaltaren har hovudansvaret for rovviltforvaltninga på regionalt nivå.

Informasjonstelefon - jerv og ulv

For rovviltregion 1 er det oppretta ein telefonsvarar der det blant anna vert opplyst kor mange dyr det er igjen på fellingskvoten.

Lisensfellingsperioden for jerv går frå 20. august (endra i 2022) til og med 15. februar kvart år. Lisensfellingsperioden for ulv går frå 1. desember til og med 31. mai kvart år (endra i 2019).

Ved lisensfelling på jerv og ulv, er det stillt krav om at jegerar kontrollerer at det er dyr igjen på kvoten før jaktstart kver dag dei skal ut å jakte.

For region 1 har rovviltnemnda vedteke kvote på 8 jerv og 2 ulv for 2023-2024. Etter ekstraordinære uttak av 2 jerv etter at nemnda gjorde sitt vedtak, er restkvoten på 6 jerv.

Telefonnummeret til denne telefonsvararen er 51 56 89 00.