Om rovviltnemnda i region 1

Rovviltnemnda i region i består av Vestland, Rogaland og kommunane i tidlegare Vest-Agder fylke. Det er ingen bestandsmål for gaupe, jerv, bjørn eller ulv i regionen. Heile regionen er prioritert for beitebruk. Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltninga. Miljødirektoratet har det faglege nasjonale ansvaret. Kvar rovviltregion blir styrt av ei statleg rovviltnemnd, samansett av fylkespolitikarar. Rovviltnemnda og Statsforvaltaren har hovudansvaret for rovviltforvaltninga på regionalt nivå.

Informasjonstelefon om kvote på jerv og ulv

For rovviltregion 1 er det oppretta ein telefonsvarar der det blant anna vert opplyst kor mange dyr det er igjen på fellingskvoten.

Lisensfellingsperioden for jerv går frå 20. august til og med 15. februar kvart år. Lisensfellingsperioden for ulv går frå 1. desember til og med 31. mai kvart år (endra i 2019).

For region 1 har rovviltnemnda vedteke kvote på 8 jerv for 2026-2027. Det er ikkje tildelt kvote for ulv eller bjørn. For gaupe vert det gjort vurderingar på hausten 2026. 

Ved lisensfelling på jerv (og ulv), er det stilt krav om at jegerar kontrollerer at det er dyr igjen på kvoten før jaktstart kvar dag dei skal ut å jakte.

Telefonnummeret til denne telefonsvararen er 51 56 89 00.

Leiar av rovviltnemnda

Rovviltvakt

Statsforvaltaren har rovviltvakt i ferietida. Følgjande vaktpersonar kan kontaktast per telefon mellom 08.00 og 22.00 kvar dag:

Veke 28–29 (06.07 – 19.07): Siri W. Bøthun, mobil 975 14 784

Veke 30 (20.07 – 26.07): Solveig K. Roald, mobil 976 99 556

Veke 31–32 (27.07 – 09.08): Eyvind Sølsnæs, mobil 482 28 670