Ikkje kvotefri gaupejakt i 2023

Rovviltnemnda har i møte 17. oktober 2022 vedteke at det ikkje blir kvotefri gaupejakt i region 1 i 2023.

Region 1 har til vanleg kvotefri gaupejakt i heile regionen og har hatt dette i mange år. Etter dei siste registeringane av gaupebestanden i Noreg viser tala at vi er under bestandsmålet for landet som er på 65 familiegrupper. På denne bakgrunn, og med bakgrunn i det låge skadeomfanget frå gaupe i regionen ( 11 gaupeskader dokumentert dei siste 10 åra for heile regionen), meiner nemnda at det ikkje er formålstenleg eller forsvarleg med kvotefri gaupejakt i 2023. Vedtaket om ikkje å ha gaupejakt gjeld for 2023 og kan endrast påfølgjande år dersom tilhøva tilseier dette. Viktige moment vil då vere om bestandsmålet er nådd og om skadeomfanget i regionen aukar.

Publisert 19.10.2022