Om rovviltnemnda i region 1

Rovviltnemnda i region i består av Vestland, Rogaland og kommunane i tidlegare Vest-Agder fylke. Det er ingen bestandsmål for ulv, jerv, bjørn eller ulv i regionen. Heile regionen er prioritert for beitebruk. Klima- og miljødepartementet er øvste styresmakt i rovviltforvaltninga. Miljødirektoratet har det faglege nasjonale ansvaret. Kvar rovviltregion blir styrt av ei statleg rovviltnemnd, samansett av fylkespolitikarar. Rovviltnemnda og Statsforvaltaren har hovudansvaret for rovviltforvaltninga på regionalt nivå.

Felt jerv

Ein hannjerv vart felt på lisensjakt i Luster kommune 8. januar 2022.

Informasjonstelefon - jerv og ulv

For rovviltregion 1 er det oppretta ein telefonsvarar der det blant anna vert opplyst kor mange dyr det er igjen på fellingskvoten.

Lisensfellingsperioden for jerv går frå 10. september til og med 15. februar kvart år. Lisensfellingsperioden for ulv går frå 1. desember til og med 31. mai kvart år (endra i 2019).

Ved lisensfelling på jerv og ulv, er det stillt krav om at jegerar kontrollerer at det er dyr igjen på kvoten før jaktstart kver dag dei skal ut å jakte.

For region 1 er det difor ein telefonsvarar der det blant annet vert opplyst om kor mange dyr det er igjen på kvoten.

Telefonnummeret til denne telefonsvararen er 51 56 89 00.